Menu
Jon Fosse er «forferdeleg nervøs» foran nobelprisutdelingen søndag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Jon Fosse til TT: – Eg gruar meg veldig og er forferdeleg nervøs

Jon Fosse vurderte lenge å slutte seg til en rekke andre dramatikere som ikke dro til Stockholm for å motta Nobels litteraturpris.

Av NTB | 06.12.2023 13:09:42

Kultur og underholdning: – Peter Handke kom, trass i at han sikkert ikkje hadde lyst. Det er jo dobbelt. Eg tenkjer og at ein bør gjere det. Det er mange ting som har gjort nobelprisen til nobelprisen. Liturgien og sjølve rituala, eg får jo gjere noko for å halde det i gang, sier han til svenske TT.

Forfatteren møter nyhetsbyrået til av sine få intervjuer på favorittkafeen i Oslo før utdelingen. Han forteller at han vurderte å holde seg hjemme fra nobelprisutdelingen, slik som blant andre Samuel Beckett gjorde før ham.

– Eg gruar meg veldig og er forferdeleg nervøs, sier Fosse.

Siden 2012 har han sagt nei til de fleste sceneopptredener, som er noe av det verste han vet. Samtidig har han i flere år vært en favoritt til å få Nobels litteraturpris. Derfor har også Fosses forlag Samlaget og norske medier lagt opp detaljerte planer for hvordan man skulle håndtere en eventuell nobelpris.

– Det har vore mykje oppstyr i mange år, eg er på ein måte van med det, men det betyr ikkje at eg likar det. Det er ikkje slik at eg ikkje er takknemleg, men dette er dobbelt, den vanlege kvardagen er den beste dagen om eg får seia det slik, sier Fosse.

– I mine auge er det jo eit slags stort sosialt teater, der eg speler ei rolle blant veldig mange andre. Det er jo ei oppleving som eg gler meg til å få vore med på, i alle fall, sier forfatteren.

Fosse har fått gratulasjoner fra paven, og Samlaget har også publisert vitnemål fra lesere som forteller om sin glede over at nobelprisen gis til en forfatter som klarer å formulere det de aldri kunne satt ord på selv.

– Eg fekk mange gratulasjonar, nokon har byrja å skrika og dansa, nokon har grått, ein nesten kysste meg. Eg fek fleirehundra epostar og SMSar, eg veit ikkje kva som skjedde, men det gler meg at folk var så glade, sier forfatteren.

Fosse har spøkefullt kalt seg «en litteraturens countrymusiker». Han har gått fra en slags heavy metal i debutromanen, til en slags litteraturens Johann Sebastian Bach utover i forfatterskapet med sitt rytmiske og strengt formbevisste prosa. Fosses gjentagende fortellinger skaper en slags ro, kanskje på samme måte som havet en gang preget ham selv, tror han.

– Litteratur handlar om havet, døden og kjærleiken. Det er ein klisjé, men det er utømmelege emne. Det viktigaste i menneskelivet er kjærleiken og døden.

– For å få det til må eg tenkje på tusen ting: rytmen, eit feilaktig komma kan øydeleggje veldig mykje, alt skal stemme, og for at det skal bli rett treng ein eit minne som er større enn det medvitne minnet mitt.

Han legger til:

– Ein seier ofte at om ein skal dikte godt, så må det ein skriv vere klokare enn ein er sjølv. Om forfattaren er klokare enn teksten, er det ikkje særleg interessant.

– Eg har aldri levd som han, på nokon måte. Eg har drukke mykje som han, eg har klaga over tungsinne, alt det der kan eg noko om. Men likevel er det heilt annleis, å skriva er å få det til å letta og gi det vingar, å få det til å gå over i det usynlege på eit vis.

Tross at han nå har vunnet verdens mest prestisjetunge pris i faget sitt, føler Fosse fortsatt på skam over å være forfatter iblant.

– Du skulkar jo på eit vis, du trekkjer deg ut av samfunnet og sit der i einsemd og skriv. Om eit samfunn skal fungere, må menneske ta del i det. For at eg skal kunne skrive, må eg jo trekkje meg ut frå det. I det ligg det nesten noko kriminelt.

– Ja, det er sikkert. Eg har stritta litt imot i fleire år, men no blir det verre. Det er det ingen tvil om. Skriva skal eg gjere som før. Men eg har ikkje tenkt å konkurrere med meg sjølv, neste roman blir ikkje lengre og betre enn «Septologien», men det blir ein ny roman.

Fosse nærmer seg en alder der de fleste ville pensjonert seg. Men han skal ikke gi seg med det første:

– Eg er 64 år, har skrive i 40 år, det seier jo seg sjølv at eg har det aller meste bak meg. Men eg har litt igjen i meg, og det kjem eg til å skrive ut, med eller utan nobelpris. Å skrive har vorte måten eg lever på. Lars Noren skreiv så lenge han levde, eg er ikkje like ekstrem som han, men eg har noko av dei same trekka.

Han kaller den norske mediedekningen «ganske spesiell». I Eikelandsosen skal nobelforedraget hans strømmes direkte på biblioteket på søndag. NRK skal sende direkte i nærmere to døgn fra opplesningen av alle Fosses 41 skuespill ved Det Vestnorske Teateret i Bergen.

Han ser fram til å få selve nobelmedaljen, og å få treffe venner i Sverige. Han føler seg også trygg på selve arrangementet.

Jon Fosse har ikke bare gjort det lokale til noe universelt. Ofte skildrer han mennesker som befinner seg i et kystlandskap som tradisjonelt har hatt lav status i norsk kultur, ifølge norsklærer Torstein Stiegler Seim ved Stockholms universitet.

Nobelprisen kom etter at han hadde avsluttet sitt hovedverk. «Septologien» omfatter 1200 sider i tre bind. Fosse tror ikke han hadde kunnet konsentrere seg nok til å avslutte den om nobelprisen kom tidligere.

Selv kaller han «Septologien» en kjærlighetsroman. Hovedpersonen er kunstneren Asle, som har påfallende mange likheter med Fosse selv. Samtidig avviser han at Asle er et alter ego.

Etter nobelprisen har han tenkt å bli enda mer innesluttet enn før.

(©NTB)

Flere nyheter: