Lokalt
Jon Fosse: Det blir ikkje fleire filmar
Det har ikkje vore enkelt å få Jon Fosse i tale etter at han fekk Nobelprisen i litteratur for 2023. Men sist veke kom denne meldinga, etter eit nytt spørsmål om ein prat: «Eg har no i fleire år takka nei til intervju med norske aviser, og har eigentleg lite nytt å melda, men sidan eg er heller ihuga målmann, så får me vel få til eit intervju då.» Det har ikkje vore enkelt å få Jon Fosse i tale etter at han fekk Nobelprisen i litteratur for 2023. Men sist veke kom denne meldinga, etter eit nytt spørsmål om ein prat: «Eg har no i fleire år takka nei til intervju med norske aviser, og har eigentleg lite nytt å melda, men sidan eg er heller ihuga målmann, så får me vel få til eit intervju då.»
Det har ikkje vore enkelt å få Jon Fosse i tale etter at han fekk Nobelprisen i litteratur for 2023. Men sist veke kom denne meldinga, etter eit nytt spørsmål om ein prat: «Eg har no i fleire år takka nei til intervju med norske aviser, og har eigentleg lite nytt å melda, men sidan eg er heller ihuga målmann, så får me vel få til eit intervju då.»
Jon Fosse: NTB-NPK-Jan Inge Fardal
Endeleg, altså – fredag 11.9. klokka 11.00 stilte nobelprisvinnaren frå Strandebarm i Hardanger til intervju med Nynorsk pressekontor i Kunstnernes Hus i hovudstaden, ein liten spasertur frå bustaden i «Grotten» like over gata.
Det vart ein lang og hyggjeleg samtale, som eigentleg var framifrå godt tima. Bok 2 i trilogien om Vaim, «Vaim hotell», er nyss komen ut til både ros og slakt, me kjem inn på begge, og det var ei lita veke til offisiell premiere på filmen «Kjærast», basert på originalmanuset «Bad Moon Rising» – Jon Fosses einaste filmmanus.
Også filmen kjem me inn på, og ikkje minst kva storverket Septologien har hatt å seia for forfattarskapen. Me snakka òg mykje om korleis livet har vore etter Nobelprisen, og litt til. Så påstanden om at han eigentleg hadde lite nytt å melda, stemmer ikkje heilt.
Trengde pengar
Og berre så det er klart, sitatsjekk vil ikkje han ha noko av.
– Eg les aldri gjennom slikt, eg gidd ikkje det lenger, seier han, før me startar med det ferskaste.
Nemleg «Kjærast», filmen som nyss hadde premiere, men som i Fosses originale versjon heiter «Bad Moon Rising», skriven som hans einaste filmmanus ein gong tidleg på 1990-talet etter oppmoding frå Tom Remlov, den gong sjef for Norsk Film.
– Ja, eg trengde pengar, seier Jon om kvifor han gav seg i kast med eit filmmanus.
– Det var òg grunnen til at eg skreiv det første stykket mitt. Når du lever på den måten eg gjorde då, vil du ikkje ha nokon vanleg jobb. Då må du ta det som dukkar opp. No må eg ikkje det lenger, men då måtte eg, seier forfattaren som avslører at han aldri har vore spesielt interessert i film og at det ikkje blir fleire filmmanus frå han.
– Eg synest det er bråkete. Svære bilete og masse lyd! Nei takk. Men den gongen måtte eg gjera det, eg kunne ikkje takka nei til det tilbodet.
Ikkje spent i det heile
– Er du meir spent på mottakinga av ein film som «Kjærast» eller ei bok som «Vaim Hotell» no enn før du fekk Nobelprisen?
– Eg er ikkje spent i det heile, for å seie det sånn. Det er lenge sidan eg slutta å vera spent. Når du held på med denne elendigheita i så mange år, så…
– Elendigheita?
– Det er jo det. Etter å ha hatt så mange bokutgåver og så mange teaterproduksjonar, både i Noreg og i andre land så blir det jo det, desse meldingane. På det meste har det nesten vore ein kritikkrunde per dag kanskje i eit par veker, i gangen. Så det er eg veldig avslappa til no. Men det eg trudde, og det er ein utruleg ting, kanskje – då eg skreiv «Septologien», og gjorde han såpass katolsk, for å seie det sånn, var eg førebudd på at han kom til å bli hata. For du veit, i det intellektuelle, litterære miljøet, så har jo aldri slike ord om Gud vorte godt mottekne. Då vart du lenge uglesett. Slik var det i si tid, men tidene har skifta. Heldigvis. Men eg blei litt overraska over at det vart så godt motteke, ikkje berre i Noreg, men òg i Tyskland, England, Amerika og over alt, seier Jon Fosse.
Vaim er ikkje Vadheim
– Me må snakka litt om denne trilogien din «Vaim» og «Vaim Hotell», som begge er ute, og om «Vaim Vekeblad» som kjem neste år. Som sogning må eg spørja – er det bygda Vadheim ved Sognefjorden som er modell for denne trilogien?
– Nei! Eg har aldri vore der. Eg hadde berre køyrt igjennom. Eg hadde aldri tenkt på Vadheim som plass i det heile teke, seier forfattaren, som lenge heller ikkje var klar over at bygda Vadheim blir kalla Vaim av lokalbefolkninga. Men ein kjenning av han har budd der i oppveksten, og ein eller annan gong nemnde han dette ordet då, Vaim – utan å setja det inn i nokon samanheng.
– Men eg hugar at eg sa til han at det ordet hadde ein så fin klang, at det skulle eg ta vare på og bruka som tittel ein gong i tida. Og så blei det no slik då, seier Fosse, glad for at han hadde manuset til denne trilogien liggjande ferdig då han fekk vita om Nobelprisen.
– Mange snakkar om at det er vanskeleg å få skrive noko nytt etter ein Nobelpris. Og det skjønar eg veldig godt. Eg har skrive ein del sjølv etter, men ikkje så veldig mykje om sant skal seiast. Og eg bestemde meg òg for å omsetja, og no er eg snart ferdig med «Prosessen» av Kafka. For meg er det rett og slett avslappande å halde på med omsetjing. Eg samlar meg og konsentrerer meg om dette no.
Eigen plass i Austerrike
Det er ein viktig del av Jon Fosses liv, både som diktar og som privatperson me ikkje har vore innom enno, det er forholdet til Austerrike. Nobelprisvinnaren har ikkje berre fire bustadar i Noreg, han har òg eit husvære i den vesle mellomalderbyen Hainburg an der Donau, som har vore og er heilt sentral i hans og familiens liv. Det var til dømes i denne byen han skreiv Septologien.
– Til saman har eg nok budd der i rundt 10 år, men over ein mykje lenger periode, fortel Jon om byen i regionen der kona Anna, som han gifta seg med i 2011, kjem frå. Byen der den vesle familien har levd og budd i desse åra og der ingen visste spesielt mykje om kven dei var og kvifor dei budde der.
– Eg gjorde minst mogleg vesen av meg, me levde eit stille liv og rusla rundt utan at nokon brydde seg, fortel Jon.
Så kom Nobelprisen og brått endra alt seg. Han vart attkjend av alle, og etter kvart vaks det fram eit ynskje om at byen måtte markera at ein nobelprisvinnar har bustad der. Bystyret var med, og sommaren etter vart «Jon Fosse Platz» opna.
– Men kvar er du når du ser framover? Tenkjer du nye bøker, nye skodespel ?
– Nei, det er ikkje noko eg tenkjer på eller kjem på no. Det får komme det som kjem og vil.
(©NPK)

