Menu
Minneord om Hans Petter Eikesdal Foto: Haukeland universitetssjukehus.
Minneordet er skrevet administrerende direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen. Foto: Haukeland universitetssjukehus.

Minneord om den anerkjente kreftforskeren Hans Petter Eikesdal

- Hans Petter-forskeren, leiaren, legen, kollegaen og vennen. Han som så mange hadde ein god relasjon til , skriver direktør Eivind Hansen . Haugesunderen døde i en tragisk trafikkulykke i Sandnes.

Av tomas | 27.07.2023 13:00:19

Minneord: Viktig for så mange, og hadde så mykje ugjort
Det er ufatteleg trist og heilt uverkeleg at Hans Petter Eikesdal er borte. Han var viktig for så mange og hadde så mykje ugjort.

Fyrst og fremst tenkjer vi på Hans Petter sine næraste. Inger Marie og barna har vore gjennom ei dramatisk hending og fått eit veldig stort tap og sakn.

Det var ikkje dette vi såg for oss da vi ynskte kvarandre god ferie og god sommar for berre nokre veker sidan. Vi hadde tenkt og trudd at vi skulle ha Hans Petter med oss lenge.

Akkurat slik vi kjente han: Den initiativrike, positive, offensive og humørfylte Hans Petter – forskaren, leiaren, legen,kollegaen og vennen. Han som så mange hadde ein god relasjon til og var så glade i.

Hans Petter hadde så mange ulike talent som han kunne bruke, og han kunne dele. Han leda Kreftavdelinga på ei særs god måte og fekk til mykje på kort tid saman med alle dei gode medarbeidarane på avdelinga og i samspel med resten av sjukehuset. Han var veldig offensiv og initiativrik med ambisjonar for pasientane, avdelinga og heile sjukehuset.

Nyleg presenterte han Kreftavdelinga sitt utkast til ny strategiplan. “Kreftavdeling i verdensklasse” står det på forsida. Ikkje noko mindre. Hans Petter var ikkje redd for å legge lista høgt.

Hans Petter hadde ambisjonen, talentet og evnene til å nå måla sine. Han bygde sitt leiarskap på si lange kliniske erfaring og forskarerfaring og på den flotte jobben som er gjort av leiarar og medarbeidarar gjennom mange år. Han bydde på seg sjølv, og brukte alle sine gode menneskelege kvalitetar.
Etter berre 1,5 år som direktør, vart Hans Petter lagt godt merke til i føretaksleiinga med sin klare refleksjon og gode humør.

Han hadde evnen til å komme med alternative argument til sakene. Han var
ikkje redd for å løfte andre perspektiv og utvide diskusjonen og refleksjonen. Vi hadde alle noko å lære eller bli inspirert av i møte med han.

Han vart ein særs sentral forskar i miljøet på Haukeland og Universitet i Bergen med internasjonalt anerkjente banebrytande resultat innan Brystkreftforskning. Han var aktiv i basal forsking og bygde ein god overgang til klinisk forsking tett på pasienten. Hans Petter reiste vide og var oppteken av nasjonalt og internasjonalt samarbeid og hadde høge ambisjonar for vidare forsking.

Hans Petter var klinikaren som var tett på pasientane og kjempa deira sak. Han har vore eit føredøme i det nære kliniske arbeidet med å gje pasientane den siste og beste behandlinga. Med ei solid faglig plattform og omsorg for pasientane var han ikkje redd for å argumentere i det offentlege rom for betre kreftbehandling.
Denne våren lanserte han ei satsing på at Haukeland skulle bli eit Comprehensive Cancer Center, og dermed gå eit steg vidare i å utvikle tenestene for pasientane. Han ville gå i front for å løfte

Haukeland som kreftsjukehus. Han var og ein pådrivar i arbeidet vårt med å utvikle tenester, fagmiljø og organisering innan protonterapi. Han var viktig for utviklinga av senteret som vil være klart for den fyrste pasienten i 2025.

«Vi hadde noko på gang», er det fleire som har ytra etter at Hans Petter døydde.
Vi kan ikkje hente han tilbake, men vi kan minnest han, vi kan dele sorg og fortviling og vi kan trøste kvarandre. Vi skal ta med oss Hans Petter sine ambisjonar, planar og strategiar og hjelpe kvarandre med å utvikle den flotte Kreftavdelinga vidare i hans ånd. Det skal vi stå saman om. Det er den beste
måten vi kan heidre hans gode minne på.

På vegne av tilsette på Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen, administrerande direktør.

Minneordet er gjengitt med tillatelse fra Haukeland universitetssjukehus

Flere nyheter: