Connect with us

Lokalt

Stort engasjement rundt E39-planane mellom Stord og Os

Publisert

den

Om lag 120 personar møtte opp i Tysneshallen i samband med høyring av reguleringsplanen for E39 Ådland-Svegatjørn. Foto: Statens vegvesen. Nyhetsgrafikk: Radio Haugaland

Mange møtte fram då Statens vegvesen inviterte til informasjonsmøte om reguleringsplanen for E39 Ådland–Svegatjørn. Støy, trafikksikkerheit og konsekvensar for nærmiljøet var blant tema som engasjerte mest.

E39: Reguleringsplanen for E39 Ådland–Svegatjørn er no på høyring. Informasjonsmøta på Tysnes, Stord og i Bjørnafjorden samla eit stort tal engasjerte innbyggjarar.

Om lag 120 personar møtte fram i Tysneshallen, medan over 100 deltok på møtet i Bjørnafjorden. I tillegg kom mange til møtet på Stord.

Opptekne av nærmiljøet

Mange av spørsmåla handla om kva ei eventuell utbygging vil bety for dei som bur og ferdast langs traseen, både under anleggsperioden og når den nye vegen står ferdig.

Støy, tilkomst, trafikksikkerheit og gode løysingar for gåande og syklande var blant tema som gjekk igjen.

Annonse

– Engasjementet på møta viser kor mykje denne vegen betyr for lokalsamfunna. Spørsmåla og innspela gir oss verdifull kunnskap å ta med vidare, seier planleggingsleiar i Statens vegvesen, Ellen Slinde.

Spørsmål om byggjestart og finansiering

Også framdrift, finansiering og tidspunkt for ei eventuell byggjestart skapte interesse.

Statens vegvesen understrekar at høyringa er eit viktig høve for innbyggjarar, organisasjonar og andre berørte til å kome med synspunkt før planen blir endeleg behandla.

– Planen kan få mykje å seie for korleis vi reiser og korleis lokalsamfunna blir knytte saman i framtida. Derfor oppmodar vi alle som har synspunkt, til å bruke høvet til å kome med innspel i høyringa, seier Slinde.

Fristen for å sende inn merknader til reguleringsplanen er **1. oktober 2026**.

Annonse
Live
Neste
Spilles
Forrige