LIVESENTER
Menu
Aker Solutions på Eldøyane utenfor Leirvik på Stord. FOTO: Aker Solutions.

Naturvernforbundet: – Må fjerne gamle miljøsynder frå Eldøyane

Naturvernforbundet på Stord har fått tips om store mengder bildekk som ligg dumpa på 20 meters djup utanfor Eldøyane. No ber dei Stord kommune om å ta grep for å rydde opp.

Av Redaksjonen | 13.11.2025 10:39:02

STORD: Naturvernforbundet på Stord har fått tips om store mengder bildekk som ligg dumpa på havbotnen utanfor Eldøyane. No ber dei Stord kommune om å ta grep.

– Me fekk eit tips frå ein privatperson, fortel Tor Christian Hestenes i Naturvernforbundet på Stord til Radio Haugaland.

Videoopptak frå ein lokal dykkar viser eit større område med flat havbotn – dekt av bildekk.
– Det er mange, truleg hundrevis, og fleire av dei er bundne saman med wire, seier Hestenes.

Gamle industriavfall på havbotnen?

Kor lenge dekka har lege der, veit ingen sikkert, men Naturvernforbundet trur dei kan stamme frå tidlegare industriaktivitet i området.
– Det er vanskeleg å spekulere i kva verksemd det kjem frå. Kanskje har dei vore brukt på ein større kai eller fortøyningsbøye, seier Hestenes.

Han understrekar at saka må undersøkast nærare:
– Ut frå bildene vi har sett, kan det vere fleire hundre dekk, men dette bør sjekkast på nytt.

Giftstoff, tungmetall og mikroplast

Hestenes åtvarar mot dei alvorlege miljøkonsekvensane av bildekk som blir liggjande i sjøen.
– Dei vil kunne vere giftige og hemme reproduksjonen hos mange artar. Mikroplast frå dekka kan drepe små krepsdyr som er viktige i næringskjeda, og tungmetall og miljøgifter kan hope seg opp i fisk. Eg vil ikkje anbefale å ete fisk som er fanga rett ved denne førekomsten, seier han.

Bildekk inneheld ei rekkje stoff som kan lekke ut over lang tid.
– Dei slepper ut tungmetall og miljøgifter som ftalat, 6PPD, benzothiazoler og guanidinar. Slike stoff blir liggjande i sedimenta og tekast opp av organismar i sjøen, forklarar Hestenes.

Han peikar også på at biltrafikken bidreg med dei same stoffa, som i stor grad endar i vatn og sjø.

Ber kommunen ta ansvar

Stord kommune har fått bekymringsmeldinga, og skal møte Naturvernforbundet 27. november for å sjå videoopptaka og drøfte vegen vidare.
– Me forventar at kommunen undersøker saka og finn ressursar til å fjerne dekka. Det kan vere kostbart, men me håpar dei er kreative og finn instansar som kan bidra med midlar og kompetanse, seier Hestenes.

Naturvernforbundet har ikkje hatt kontakt med Aker Solutions eller andre verksemder på Eldøyane om saka.
– No håpar me at møtet med kommunen blir starten på ein prosess for å få dekka fjerna, seier han.

– Meld frå om forsøpling

Hestenes oppmodar folk til å vere merksame og melde frå dersom dei ser teikn til forureining eller dumping i naturen.
– Akutte forureiningar, som oljesøl eller gasslekkasjar, skal meldast til brannvesenet på 110. Når det gjeld forsøpling, er kommunen ofte rette instans, og utslepp frå industri bør meldast til Statsforvaltaren. Ein kan også tipse anonymt på Miljødirektoratet sine nettsider, seier han.

Han avsluttar med ei klar oppmoding:
– Det er fint å få rydda vekk gamle synder. Folk må vere flinke til å melde frå om dei veit om forsøpling og utslepp.

Flere nyheter: