Innhold
Vil innføra turistskatt i Hardanger

Hardanger tek no første steg mot å innføra turistskatt. Eit felles forslag skal utarbeidast før saka kjem til behandling i dei enkelte kommunane.
Turistskatt: Hardanger kan bli blant dei første regionane i landet som tek i bruk turistskatt. No skal kommunane gå saman om eit felles forslag før saka kjem til politisk behandling lokalt.
Hardangerrådet har gitt næringssjefane i kommunane i oppdrag å utarbeida eit felles saksframlegg om turistskatt. Dette skal brukast som grunnlag når kvar enkelt kommune skal ta stilling til ordninga.
Saka vart handsama i Hardangerrådet nyleg, der det også vart vedteke ei felles høyringsuttale til den nye forskrifta om overnattingsavgift. Uttalen blir sendt til Nærings- og fiskeridepartementet.
Vil unngå forskjellsbehandling
Rådet ber samtidig om at innføringa av den nye besøksbidragslova blir samordna med reglane for cruiseavgift.
– Dette for å unngå ei urettvis ulik handsaming av ulike turistar til området, heiter det i tillegget som no blir sendt inn.
Opnar for avgift på overnatting
Stortinget vedtok i juni i fjor å opna for turistskatt, eller besøksavgift. Ordninga gjer det mogleg for kommunar med mykje turisme å leggja på ein avgift på opptil 3 prosent på overnatting.
Campingturistar er føreslått skjerma frå avgifta, medan hotell, utleige og cruiseturisme kan bli omfatta.
Kan bli cruiseavgift
I tillegg har departementet føreslått at kommunar kan innføra ein eigen avgift på cruisepassasjerar. Denne kan vera på opptil 100 kroner per passasjer for kvart døgn skipet ligg i hamn, eller for passasjerar som går i land.
No skal saka vidare til politisk behandling i dei enkelte kommunane i Hardanger.

