reklame for Haugesund Hudpleieklinikk
Menu
Daglig leder Sigmund Lier i Haugaland Vekst IKS. Fotobyline: Haakon Nordvik / Haugaland Vekst

Haugalandet kan bli matkjelda vi treng

Kronikk fra Haugaland Vekst av Sigmund Lier, dagleg leiar i Haugaland Vekst.

Av Egil M Solberg | 21.10.2025 19:30:16

KRONIKK: Mat er den mest grunnleggjande beredskapen vi har. Når verda blir meir uroleg, blir kortreiste løysingar meir verdifulle. Difor har ni kommunar på Haugalandet gått saman om Matregion Haugalandet – eit målretta løft for å planleggje meir produksjon, smartare distribusjon og tydelegare etterspurnad etter lokal mat. Haugaland Vekst koordinerer arbeidet. Ambisjonen er enkel å forstå, men stor i betydning: meir lokal verdiskaping, betre folkehelse og sterkare matsikkerheit – i vår region, for Noreg, og som eit lite, men nødvendig svar på globale rørsler.

Vi er i mobiliseringsfase. Det betyr at vi førebur tiltak som løyser ut etterspurnad, særleg frå offentlege kjøken og store innkjøparar; vi planlegg opplegg for skular og barnehagar slik at barn og unge ser verdien av jord og dyrking; vi kartlegg eigna areal og moglegheiter for å auke produksjonen av frukt, bær og grønt som i dag er underdekka lokalt; og vi utgreier fleksible, regionale distribusjonsledd som gjer at den siste mila ikkje stoppar gode produkt. Heile poenget er samspelet: etterspurnad, produksjon og logistikk må løftast samtidig.

Alt dette står og fell på éin ting: at bønder og politikarar er med – ikkje som heiagjeng på sidelina, men som medspelarar som set retning, torer å forplikte seg og vil vere stolte av å ha vore med då Haugalandet tok steget. For bøndene handlar det om framtidstru og nye bein å stå på. For politikarane handlar det om å bruke innkjøpsmakta klokt og langsiktig. For begge grupper handlar det om beredskap, arbeidsplassar og levande lokalsamfunn. Dette er eit prosjekt ein både vil vere med på – og faktisk ikkje har råd til å la vere å heie på.

Haugalandet har sterke tradisjonar på kjøt, mjølk og egg. Samstundes veit vi at på grøntområdet er vi svake. Ei auke av grøntproduksjonen kan gi variert kosthald i befolkninga og større robustheit når globale forsyningsliner sviktar. Kvar kilo grønsaker vi kan dyrke, foredle og få fram jamt og føreseieleg her heime, er ei konkret styrking av beredskapen. Dette er ikkje ein motsetnad til handel – det er grunnmuren som gjer oss mindre sårbare når verda bles.

Politisk vilje gir resultat. Når kommunar og fylkeskommune gir tydelege og langsiktige bestillingar i sine anskaffingar, skaper det tryggleik for investeringar. Når nasjonale ambisjonar om auka sjølvforsyning møter regional gjennomføringsevne, skjer endring. Difor er Matregion Haugalandet eit verktøy for praktisk politikk og eit løft for næringslivet – ein konkret stad å kanalisere vilje, ressursar og kompetanse. Vi legg opp til tett dialog med storhushaldningar, daglegvare og servering slik at krav, volum og logistikk blir planlagde saman med dei som faktisk skal kjøpe og bruke varene.

Til bøndene: Vi treng dykk – både dykk som vil vidareutvikle det de alt meistrar, og dykk som vil teste nye produksjonar innan frukt, bær og grønt eller satse meir på foredling. Vi veit at terskelen ofte ligg i marknad og logistikk. Nettopp difor byggjer vi dette saman, slik at det let seg gjere å levere stabilt, også når volum i starten er små og sesongane svingar. De veit kva
som fungerer på garden; vi skal sørgje for at det fungerer i kjeda.

Til politikarane: Dette er klassisk samfunnsoppdrag. Bruk innkjøpsmakta til å etterspørje lokale og regionale varer der det er mogleg og fornuftig. Bidra til at fleksible regionale distribusjonsledd kan realiserast. Følg opp med tydelege styringssignal og føreseielegheit over tid. Det gir oss evne til å gå frå gode intensjonar til leveransar som merkast på tallerkenen – i skular, institusjonar og kantiner – og i lommeboka til produsentane.

Tidslina er klar: mobilisering i 2025–2026, med mål om eit femårig hovudprosjekt frå 2027.  Styringa ligg hos dei ni kommunane, og ei brei referansegruppe i heile verdikjeda blir no bygd opp. Vi inviterer dykk inn – og vi forventar dykk med. Ikkje fordi alt er ferdig tenkt, men fordi retninga er rett, behovet er akutt og moglegheita er større enn på lenge. Dette er augeblinken for å setje fart.

Haugalandet kan bli regionen som viser korleis lokal mat faktisk blir global beredskap i praksis. Vi har naturgitte fortrinn, sterke fagmiljø og ein næringskultur som toler å prøve og feile. No treng vi samling i botn og blikket framover. Lat oss gjere dette til eit prosjekt vi alle kan peike på om nokre år og seie: Der og då valde vi å byggje tryggleik – med jord under neglene, samarbeid i ryggmargen og mat på bordet.

Sigmund Lier, dagleg leiar i Haugaland Vekst

Flere nyheter: