Innhold
Endrar praksis for innsyn i Etne: – Er me no på veg inn i noko som kan opplevast som ei forringing for publikum?

Etne kommune vil endra praksisen for innsyn i offentlege dokument som følgje av eit nytt IKT-samarbeid, noko som skapar uro for om openheita for innbyggarane blir svekka.
Demokrati: Etne kommune vil endra korleis innbyggarane får innsyn i dokument, noko som skapte debatt i formannskapet denne veka.
Bakgrunnen er at kommunen går inn i eit interkommunalt IKT-samarbeid med Nordhordland. I dag kan innbyggarar klikka seg direkte inn i dokument frå postlista, så sant dei ikkje er unntatt offentlegheit. Med den nye løysinga vil berre tittelen vera synleg, og ein må senda inn innsynskrav for å få lese dokumenta.
Kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse sa i møtet at dette er i tråd med retningslinjene i samarbeidet.
– Det blir ei ganske stor endring. Ein vil ikkje lenger få opp dokument direkte, men må be om innsyn, sa han.
Ap-politikar Andreas Grumheden stilte fleire spørsmål til konsekvensane av endringa. Han fryktar at det kan opplevast som ei svekking av openheita.
– Er me no på veg inn i noko som kan opplevast som ei forringing for publikum? spurde han.
Grumheden peikte også på at endringa kan få praktiske følgjer, som fleire innsynskrav og mindre tilgang til informasjon for innbyggarane.
Kommunedirektøren meiner likevel at dagens ordning med såkalla fulltekst ikkje nødvendigvis gir meir openheit.
– Fulltekst gir ikkje nødvendigvis full openheit. Du får berre den eine sida av saka, sa Sekse.
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim peikte på at titlar i postlistene også kan gi eit misvisande inntrykk utan meir kontekst.
– Det kan stå til dømes «lovbrot i Etne kommune» i ein tittel, utan at det nødvendigvis er riktig, sa ho.
Sjølv om endringa kjem som følgje av IKT-samarbeidet, er det mogleg å halda fram med dagens praksis. Då må kommunen oppfylla fleire krav til kompetanse, ressursar og risikovurderingar, og politikarane må gjera eit vedtak.
Grumheden varslar at han ønskjer å løfta saka vidare, og meiner kommunen bør vurdera å gå tilbake til fulltekst.
Endringane er ein del av det nye samarbeidet i IKT Nordhordland, som skal styrka digital drift og kapasitet i kommunane. Samarbeidet inneber også meir standardiserte løysingar, og dermed mindre lokal valfridom.
Saka kan bli teken opp igjen når kommunestyret skal behandla avtalen, og då kan spørsmålet om openheit og innsyn bli sentralt.
