Bruken av metanhemmende stoff i fôret til norske kyr stoppes midlertidig – Rogaland Bondelag støttar avgjerda
Norsk Melkeråvare set bruken av det metanreduserande fôrtilskotet Bovaer på pause etter rapportar om negative funn i Danmark. Rogaland Bondelag støttar avgjerda.
DYREHELSE: Norsk Melkeråvare set bruken av det metanreduserande fôrtilskotet Bovaer på pause. Det skjer ut frå eit føre-var-prinsipp etter at det er meldt om negative effektar i enkelte danske buskapar som har brukt tilsetningsstoffet.
– Det er per i dag ikkje kjende negative effektar som har dokumentert samanheng med bruk av Bovaer i Norge. Men me vel likevel å ta ein fot i bakken medan me skapar meir innsikt, seier direktør i Norsk Melkeråvare, Johnny Ødegård, i ei pressemelding.
Norsk Melkeråvare er ein del av Tine og har ansvar for handteringa av all melk frå gardstank til noteringspunkt. Forskningsprosjektet MetanHUB skal halda fram med testing av fleire metanreduserande fôrtilskot, og selskapet vil gjera ei ny vurdering av Bovaer-bruken i januar.
– Ei fornuftig avgjerd
Leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft, meiner avgjerda om å pausa utprøvinga er klok:
– Dette er ei fornuftig avgjersle. Når det nå er usikkerheit rundt årsaka til enkelte negative funn, er det rett å ta ein fot i bakken inntil ein veit om dette skuldast Bovaer eller noko anna, seier Hustoft til Radio Haugaland.
Han understrekar at utprøvinga i norske fjøs har vore tett følgd opp, og at det ikkje er funne tilsvarande avvik her i landet.
Klimaarbeidet held fram
Hustoft minner om at sjølv om Bovaer blir sett på pause, står ikkje klimaarbeidet i landbruket stille:
– Utprøvinga av Bovaer er sett på pause. Jordbruket sitt klimaarbeid og klimaforpliktelsar er ikkje sett på pause. Me lever av og på jorda, og me merkar klimaendringane. Reduserte utslepp av klimagassar er heilt avgjerande for både politisk gjennomslag og for å kunna selja varene våre i marknaden, seier han.
Samtidig meiner Hustoft at klimatiltak aldri kan gå på kostnad av andre viktige mål i landbruket:
– Me kan aldri gjera klimatiltak som går ut over lønsemd, dyrevelferd og miljø, seier han.








