Innhold
Leander Djønne får Nynorsk litteraturpris 2025

Leander Djønne frå Odda er tildelt Nynorsk litteraturpris 2025 for romanen Alt et. Prisen på 50.000 kroner blir delt ut under landsmøtet til Noregs Mållag fredag.
NYNORSK: Forfattaren Leander Djønne er tildelt Nynorsk litteraturpris 2025 for romanen Alt et. Prisen er på 50.000 kroner og blir delt ut under opninga av Noregs Mållag sitt landsmøte fredag 24. april.
Djønne kjem frå Odda, og «Alt et» er den andre romanen hans. Boka har tidlegare også vunne både Brageprisen og Oktoberprisen.
Juryen rosar vinnarboka i sterke ordelag.
– Å lese årets vinnarroman er som å sjå ei ulukke utspele seg line for line på papiret. Det er ikkje mogeleg å ta augo vekk eller late dei att, heiter det i grunngjevinga.
Juryen trekkjer særleg fram språket i romanen, som dei meiner dreg lesaren vidare og inn i forteljinga. Dei omtalar også boka som eit høgdepunkt i ei tid der den nynorske romanen står sterkt.
Vidare blir Djønne skildra som ein forfattar med ein tydeleg språkleg identitet, som nyttar sider av nynorsken ein sjeldan møter i kvardagen. Juryen meiner òg at han er uredd i utforskinga av mørke tema og menneskelege drivkrefter.
Nynorsk litteraturpris har vore delt ut sidan 1982. Bak prisen står Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget.
