reklame for Haugesund Hudpleieklinikk
Menu
FrP-lokalpolitiker Robin Tveit. Foto: Ragne Borge Lysaker.

Robin Tveit vil starte FrP-lag i Ullensvang: – Behov for meir realpolitikk lokalt

Robin Tveit vil starte Frp-lag i Ullensvang og vurderer å stille til kommunevalget i 2027.

Av Redaksjonen | 28.11.2025 11:53:55

Ullensvang: Robin Tveit, som nyleg melde overgang frå Senterpartiet til FrP, set no i gang arbeidet med å kartlegge grunnlaget for å etablere eit lokallag av Framstegspartiet i Ullensvang. Han vurderer samtidig å stille til val i 2027.

FrP står sterkt nasjonalt, og har ein tydeleg profil som samsvarer med mine syn i viktige nasjonale saker. Når eit parti med over 20 prosent oppslutning ikkje har lokallag i ein kommune som Ullensvang, er det naturleg å undersøke om grunnlaget finst, seier Tveit til Radio Haugaland.

Vil vere i gang i 2026

Arbeidet er førebels på kartleggingsstadiet, i dialog med fylkeslaget.

Blir det noko av, vil eit lokallag truleg bli etablert utpå våren 2026. Først må eg sjå om interessa er reell, seier han.

Tveit ønskjer seg folk som er «motiverte, løysingsorienterte og villige til å flytte Ullensvang i ei meir framtidsretta retning».

Frå Sp til FrP

Overgangen frå Senterpartiet forklarer han med det han meiner er ei uheldig utvikling i samarbeidspolitikken.

Samarbeidet med venstresida gjorde at Sp ikkje fekk levert på innvandring, klima, skatt, næringspolitikk og utanrikspolitikk. Tutti-frutti-koalisjonen var for meg siste dråpe. FrP står stødigare og vinglar mindre, seier Tveit.

Reaksjonane han har fått, er ifølgje han sjølv stort sett positive.

– Ullensvang står i ein krevjande situasjon

Tveit meiner kommunen står framfor store utfordringar, både økonomisk og strukturelt.

Kostnadsnivået i helse, oppvekst, omsorg og administrasjon er for høgt. Samtidig har vi for dårleg infrastruktur til å handtere turismen, særleg når det gjeld veg. Folketalet synk, og kommunen tek opp store lån. Summen av dette kan føre Ullensvang inn på ROBEK, åtvarar han.

Han meiner difor at strukturgrep er uunngåelege, men må gjennomførast varsamt.

Vil ha meir openheit og tydeligheit

Tveit trur FrP kan spele ei viktig rolle i lokalpolitikken ved å ta opp tema andre parti kvier seg for.

FrP er villige til å vere ærlege om situasjonen kommunen står i. Andre parti snakkar det ofte bort. Vi må ta ansvar og gjennomføre nødvendige grep – og forklare kvifor, seier han.

Kjernekraft, kontantar og EU-motstand

Blant sakene han ønskjer å løfte framover, trekk Tveit fram næringsutvikling, strukturendringar og – meir overraskande – moglegheita for å etablere eit kjernekraftverk i kommunen.

Det kan gi både arbeidsplassar og vekst, meiner han.

Han engasjerer seg òg sterkt for kontantberedskap.

Bankane må få mindre handlingsrom til å fjerne kontanttilbod. Samfunnet blir for sårbart ved digitale avbrot, seier han.

Tveit løftar også fram EU-motstand som ei viktig sak.

Norske avgjerder skal takast av norske folkevalde. EU-regelverk innsnevrar handlingsrommet vårt lokalt.

Ser mot valet i 2027

Om han stiller til val i 2027, avheng av om det faktisk blir etablert eit sterkt lag.

Å drive eit lokallag og sitte i kommunestyret krev mykje tid og ressursar. Eg må vere trygg på at eg kan lukkast og få reell innflytelse, seier han.

Tveit understrekar at han ønskjer å jobbe for ein samla kommune, utan konflikt mellom Odda og bygdene.

Målet er ein attraktiv kommune for alle. Eg vil unngå ein situasjon med «by mot land». Det krev open dialog og likebehandling, seier han.

Flere nyheter: