Menu

Utslepp til Karmsundet på 1992-nivå

Statens forureingstilsyn (SFT) har fornya utsleppsløyvet til alginatprodusenten FMC Biopolymer i Karmsundet. Utsleppa til sjø omfattar særleg tangrestar og organisk materiale, men og steinstøv, næringssalt og formaldehyd.

Av admin | 27.02.2007 16:46:40

Råstoffet for alginatproduksjon er stortare som blir hausta med trål på kysten. Alginatet blir nytta i mange typar industri, mellom anna til medisin, kosmetikk og matproduksjon.

I det opprinnelige utsleppsløyvet frå 1992 var det ei målsetjing at FMC Biopolymer (den gong Pronova Biopolymer) sitt utslepp av suspenderte stoff skulle reduserast med 80% og at utsleppet av formaldehyd skulle ta slutt innan 1997. Seinare har løyvet vorte justert fleire gonger. SFT fann det denne gongen rett å sette krav til FMC Biopolymer i tråd med verksmda sine eigne forslag.

FMC Biopolymer har no løyve til årleg å sleppe ut 14800 tonn organisk materiale (oppgitt som kjemisk oksygenforbruk, KOF) til Karmsundet. Dette tilsvarar utsleppsramma frå 1992. For suspendert tørrstoff er mengda redusert frå 7850 til 5000 tonn pr år. Det opprinnelige målet var ein reduksjon på 80%, dvs ned på 1570 tonn pr. år etter 01.01.1997.

I 1992 var ramma for formaldehyd-utslepp på 690 tonn i året. Føresetnaden var at verksemda skulle legge om produksjonen slik at det etter etter 01.01.1997 ikkje skulle sleppast ut formaldehyd. Etter nytt løyve kan FMC Biopolymer likevel sleppe ut 150 tonn formaldehyd i året til Karmsundet. Bedrifta har tidlegare ikkje hatt begrensningar for utslepp av næringssalt, men kan etter februar 2007 ikkje sleppe ut meir enn 487 tonn nitrogen og 68 tonn fosfor i året, skriver Fylkesmannen i Rogaland i en pressemelding.

Av Egil Kr. Solberg | 27.02.2007 kl.16:4