Menu

Transformatoren på plass i Blåfalli

Transformatoren til Blåfalli Vik kraftverk, som er produsert av Ganz Transelektro i Ungarn, kom torsdag på plass i kraftstasjonen. Transportvekta var 205 tonn, og etter påfylling og ferdigmontering vil vekta vere 260 tonn.

Av admin | 07.07.2006 15:00:59

Frå fabrikken i Tapioszele i Ungarn gjekk turen fyrst med tog til Bratislava i Slovakia, der transformatoren vart lasta over på ein lekter ved eit kjernekraftverk der det var tilgang på kai og tilstrekkeleg løftekapasitet. Ferda vidare gjekk på Donau gjennom Europa, ut til Rotterdam, der Statnett sitt spesialfarty Elektron tok over transporten heim og fram til Vik.

Transporten frå moloen på Vik og dei nokre hundre metrane inn i fjellet til kraftstasjonen, vart utført av ein 53 meter lang spesialkonstruert køyredoning. Naturleg nok var spenninga her stor, då avstanden til tunneltak og ? vegger var små. Men som den lange ferda elles, dette gjekk òg heilt som planlagt.

Kraftverket skal setjast i drift mot slutten av inneverande år.

Av Egil Kr. Solberg | 07.07.2006 kl.15:0