Menu
Stord flyplass Jan Morten Myklebust
- Me er sjølvsagt svært nøgde, fortel lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Stord Lufthamn fyk høgt

Flyplassen på Sørstokken har hatt størst prosentvis passasjerauke av alle norske flyplassar hittil i år, og fleire og fleire av dei reisande er ute i privat ærend.

Av Egil M Solberg | 21.04.2015 10:25:20

Avinor sin statistikk viser at dei store lufthamnene i Noreg har ein tilbakegong i passasjertrafikken. Dette gjeld også hovuddelen av dei nasjonale, regionale og lokale flyplassane.

På Stord Lufthamn har ein derimot hatt ein auke på 20,7 % i fyrste kvartal
2015.

– Me er sjølvsagt svært nøgde med at me har hatt ein markant auke i talet på passasjerar. Det er fleire årsaker til det. Kværner sitt prosjekt på Aukra har mange folk i sving, og Widerøe har difor auka frekvensen på charterflygingane sine til Molde. Ei anna viktig årsak er endring i reisevanane til Sunnhordlendingane, fortel lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.