Menu

Sør-Noreg har lågaste el-pris i Norden

Børsprisen på elektrisk kraft var 27 øre/kWh i Sør-Noreg i veke 25, ei auka på heile 10 øre frå veka før. Dette er den høgaste prisen i dette området sidan februar. Sjølv med kraftig prisauke hadde Sør-Noreg den lågaste prisen i Norden.

Av admin | 25.06.2008 17:30:34

I Midt- og Nord-Noreg var vekeprisen 47 og 43 øre/kWh, og det er om lag same prisar som i Sverige og Finland.

Fyllingsgraden til dei norske vassmagasina auka med 3,6 prosenteiningar i veke 25, og var 72,5 prosent ved utgangen av veka. Magasinfyllinga var 9,9 prosenteiningar over medianverdien for veka og 3,1 prosenteiningar over fjoråret sitt nivå. Fyllinga er høgast i Midt-Noreg (NO2) med 76 prosent.

Av Egil Kr. Solberg | 25.06.2008 kl.17:3