Menu

Kvinnherad har fått ny ambulansebåt

Kvinnherad Båtservice har gått konkurs og ambulansebåten "Intensiv" gjekk inn i konkursbuet. Men frå tysdag starta "Rødne skyss" som ny ambulansebåt som vil vera tilgjengeleg til alle døgnets tider heile sommaren.

Av admin | 26.06.2008 10:29:00

Det er to ambulansebilar stasjonert på Husnes, og fungerande medisinsk fagleg ansvarleg i Kvinnherad kommune, Jan Helge Dalland, fortel at kommunen har fått spørsmål om vikaropplegget til ambulansetenesta. Han seier at kommunen tok opp situasjonen med Helse Fonna måndag, og at dei har hatt ein god dialog.

? Alle har fagleg bakgrunn. Ikkje alle kan gjera alt, som køyring eller delegering av medisin.
Men han legg til at det vil vera personell tilgjengeleg som kan gjera desse tinga. Han seier dei har unge vikarar som ikkje har så mykje erfaring, men at desse er kvalitetssikra av Helse Fonna.

Dalland, som til dagleg er fastlege på Husnes, summerer at nivået på tenestene i sommar er på det nivået som det vanlegvis er og som det bør vera, melder grenda.no.

Av Egil Kr. Solberg | 26.06.2008 kl.10:2