Menu

Fedmebehandling i Helse Fonna

Helse Fonna skal starte med overvektskirurgi. Styret i Helse Vest vedtok i dag at Haugesund sjukehus skal planleggje for inntil 50 operasjonar i året. Truleg vil dei første pasientane bli opererte allereie før sommaren.

Av admin | 14.02.2007 19:57:39

– Operasjonskapasiteten for sjukleg overvekt må styrkast for å sikre at desse pasientane får nødvendig helsehjelp i vår region, seier styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest RHF.

I dag er det berre Helse Førde som tilbyr overvektskirurgi i Helseregion Vest, ved Førde sentralsjukehus. Dei gjer inntil 60 operasjonar i året. Det er ikkje nok. Ved utgangen av 2006 var det 280 pasientar som stod på venteliste for vurdering for operasjon. Nå blir det et nært samarbeid mellom Fonna og Førde.

Helse Fonna har allereie planane klare for eit tilbod om kirurgisk behandling for sjukleg overvekt i Haugesund. Helse Førde deltek i dette arbeidet. Det er Helse Førde som skal ha regionansvaret for tilbodet, og dei to føretaka skal samarbeide nært for å gi pasientane i regionen eit best mogleg tilbod.

– Det regionale senteret for sjukleg overvekt i Førde har dei siste åra utvida tilbodet, slik at det i dag inkluderer førebygging, behandling, rehabilitering og forsking som gjeld sjukleg overvekt. Målet om å oppnå varige endringar i kost- og aktivitetsvanar bør liggje til grunn i all behandling av personar med sjukleg overvekt, også når det gjeld medikament og kirurgi, seier Nilsen.

Av Egil Kr. Solberg | 14.02.2007 kl.19:5