Menu

Anleggsstart for T-forbindelsen i 2009

- Utbygginga av vegprosjektet T-forbindelsen gjere det vesentleg lettare å kome til og frå Karmøy, og Haugesund sentrum vert avlasta for gjennomgangstrafikk, seier statsminister Jens Stoltenberg og samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Av admin | 20.06.2008 20:19:56

T-forbindelsen i statsråd i dag

Med eit ferdig utbygd T-samband vert kollektivtransport og viktige næringsområde knytte tettare saman. Anleggsarbeidet skal ta til våren  2009, og prosjektet kan opnast for trafikk rundt årsskiftet 2012/2013.

Heile utbygginga er rekna å koste i alt 1,44 milliardar kroner. I tråd med vedtak på fylkes- og lokalpolitisk hald skal prosjektet finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar (444 millionar kroner), kommunalt tilskott (179 millionar kroner) og bompengar (817 millionar kroner).

– T-forbindelsen er eit flott spleiselag, med bidrag frå staten, Rogaland fylkeskommune, Karmøy kommune og trafikantane. Prosjektet er eit godt uttrykk for sterk vilje og evne på lokalt hald til å samarbeide om gode løysingar som betrar trafikkforholda og legg til rette for å styrkje kollektivtransporten i regionen, seier Stoltenberg.

Stoltenberg og Navarsete er i dag på Karmøy for å orientere om forslaget frå regjeringa om utbygging og finansiering av T-forbindelsen.

– Utbygginga vil i tillegg vere med på å fremje samarbeidet mellom dei store og tunge næringsområda som ligg ved kvar si side av aust-vest-delen av T-sambandet, seier Navarsete.

Aust-vest
Det  nye vegsambandet aust-vest er om lag 10,8 kilometer langt og går frå E39 ved Mjåsund i Tysvær kommune til  riksveg 47 ved Håvik i Karmøy kommune. Om lag 7,8 kilometer av denne strekninga skal byggjast som ein samanhengjande vegtunnel under Førresfjorden og Karmsundet.

Nord-sør
Det nye sambandet nord-sør er på om lag 9,1 kilometer og går frå Fosen  i Karmøy kommune til E 134 ved Raglamyr i Haugesund kommune. Denne strekninga får tre  tunnelar, med ei samla lengd på 2,07 kilometer. Den lengste av desse tunnelane er på 1,2 kilometer, og går frå Fosen og nordover. Ei strekning inn mot E134 er planlagd med fire køyrefelt. I stigningane er tunnelane planlagde med tre køyrefelt, medan resten av strekninga får to køyrefelt.

Dei to ny sambanda møtest i eit kryss ved Fosen i Karmøy kommune, og krysset er planlagt som ei rundkøyring i fjellet.

Bompengar
Innkrevjinga av bompengar skal skje både som innkrevjing av forskotsbompengar i ferjesambandet E39 Mortavika ? Arsvågen og som etterskotsbompengar. Innkrevjinga på ferjesambandet tok til 1. april 2001, og vil halde fram til vegprosjektet er ferdig. Innkrevjinga av etterskotsbompengar skal ta til når vegprosjektet er ferdig, med bomstasjon ved Mjåsund, på det nye aust-vestsambandet, om lag ein kilometer vest for krysset med E39.  

I tråd med tidlegare avklaringar på lokalt og sentralt hald er det lagt til grunn at ferjesambandet Mekjarvik ? Skudeneshavn vert lagt ned som riksvegferjesamband når T-forbindelsen opnar for trafikk.

Av Egil Kr. Solberg | 20.06.2008 kl.20:1