Menu

Anleggsstart for Jondalstunnelen i 2009

Anleggsarbeidet med bygging av Jondalstunnelen kan ta til hausten 2009 og vil vere ferdig i 2012. Tunnelen vil gje Jondal kommune eit nytt og kortare vegsamband til Kvinnherad og vidare, gjennom Folgefonntunnelen, til Odda og E 134.

Av admin | 21.06.2008 10:33:41


På Kvinnherad-siden kommer den planlagte Jondalstunnelen ut i Nordrepollen. I dag gir regjeringen grønt lys til prosjektet. Foto: Statens Vegvesen

-Med den nye tunnelen får folk og næringsliv i kommunane på og rundt Folgefonnhalvøya eit betre transport- og tenestetilbod som er med på å styrkje Folgefonnhalvøya som ein viktig arbeids- og sørvisregion, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd fredag ble lagt fram eit forslag om utbygging og finansiering av fylkesveg 107 Jondalstunnelen i Hordaland.

Prosjektet er rekna å koste 760 millionar 2008-kroner. I tråd med avklaringar og vedtak i Hordaland fylkeskommune og på lokalpolitisk hald, er det i forslaget lagt til grunn at prosjektet skal finansierast ved ein kombinasjon av statlege midlar (52 millionar kroner), kommunale tilskot (58 millionar kroner), fylkeskommunale midlar (567 millionar kroner og bompengar (83 millionar kroner).

Bompengane  omfattar førehandsbompengar som skal oppkrevjast i ferjesambandet Jondal ? Tørvikbygd og etterskotsbompengar som skal innkrevjast ved bomstasjon ved Øyre, etter at den nye vegen er opna for trafikk.

Av Egil Kr. Solberg | 21.06.2008 kl.10:3