Menu

5 nye legestillinger til Helse Fonna

Helse Fonna får fem nye stillingar til utjamning. Helse Stavanger får 48,5 stillingar. (42,5 stillingar skal gå til inndekning av grå stillingar). Helse Vest har færre legar per 1000 innbyggjar samanlikna med dei andre helseregionane.

Av admin | 05.06.2008 11:41:40

Dette har Helse- og omsorgsdepartementet teke omsyn til i si tildeling av legestillingar til dei regionale helseføretaka for 2008, og Helse Vest har difor fått tildelt 81 legestillingar ? mot 69 i Helse Sør-Aust, 29 i Helse Midt-Noreg og 21 i Helse Nord.  

Av desse får Helse Bergen seks legestillingar. Ei ny stilling og fem stillingar til inndekning av dei ?grå stillingane?. Helse Fonna får fem nye stillingar til utjamning. Helse Stavanger får 48,5 stillingar. 42,5 stillingar skal gå til inndekning av grå stillingar. I tillegg får dei seks nye stillingar til utjamning. Tre av desse stillingane er innan psykisk helsevern.

Det var Helse Vest som tek initiativ til eit prosjekt som har sett på fordelinga av legestillingar i regionen. Dette skjedde i kjølvatnet av at Helse Stavanger og Helse Fonna meinte dei hadde for få legestillingar samanlikna med Helse Bergen og Helse Førde.

Av Egil Kr. Solberg | 05.06.2008 kl.11:4